Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Konkurranse: Nøstestafett

Som alle veit; stafett er stafett, og alt kan skje... 

For å leike denne leiken deler ein gjengen inn i to lag som konkurrerar mot kvarandre. Kvart lag treng eit garnnøste. Før stafetten startar fester ein den eine enden av nøstet  i ein vegg,  stol, eit bord eller liknande i startområdet. Avstanda mellom start og mål bør ikkje være for kort. Laga stiller seg opp i rekker på startstreken.

På startsignal spring førstemann på kvart lag med garnnøstet i handa og slipp ut meir og meir garn heilt til vedkommande kjem til snupunktet. Då skal deltakaren springe tilbake igjen, samtidig som ho eller han skal nøste opp igjen garnet. Når garnet er nøsta opp, gis nøstet til nestemann som gjer akkurat det same. Om garnet ryk må laget skøyte tråden før ein får springe vidare. 

Hemmeligheita til suksess i ”Nøstestafett" skal i følgje sikre kjelder vere å finne ein fin flyt når ein nøstar garnet ut.

I ein test av fleire leikar på KFUK-KFUM si nettside kom nøstestafett godt ut blant ungdomane i testpanelet.