Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Andakt: Å vitne om Jesus

Samtalen om kristent leiarskap og kristen forkynning på Landsmøtet i KFUK-KFUM no i april skapte stort engasjement. Korleis skal vi formidle evangeliet om Jesus Kristus? Skal vi snakke om Han? Skal vi gjere det kvar gong gruppa eller styret er samla? Skal vi heller gjere noko? Eller skal vi la vere, slik at vi ikkje støyter folk frå oss? 

Dei som tok ordet i samtalen på Landsmøtet, hadde ulike svar på desse spørsmåla. Men grunntonen hos alle var høyrbar: Vi har alle djup respekt for barn og unge sine livserfaringar, og vi ynskjer at menneske vi møter skal verte betre kjent med Jesus. 

rom til å dele erfaringar frå livet

For meg er rekkefølgja avgjerande. Skal eg dele erfaringar og tankar om tru, vil eg først gå inn i eit rom der eg kan dele erfaringar frå livet. Og eg treng at den andre toler å høyre om erfaringar som ikkje er gode. Og er eg trygg på den eg er saman med, kan eg opne døra inn til det neste rommet og snakke om å tru på Jesus. Er det for mykje å spørje om at trua mi skal ha noko med livet mitt å gjere? 

Sliten Jesus I samtale om tru

I Johannesevangeliet kapittel 4 kan vi lese om då Jesus møtte ei samaritansk kvinne ved Jacobskjelda i byen Sykar. Jesus var sliten etter vandringa. Kvinna, som ikkje kjente Jesus, kom for å hente vatn. Jesus lytta til kvinna sine erfaringar – ikkje alle var gode. Dei to kom i samtale om å tru.. Og kvinna vart oppelda over samtalen, og braut ut: «Eg veit at Messias kjem!». Då seier Jesus til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.» 

trygge nok til å lytte og vere nær

Eg ynskjer meg mange unge og vaksne medarbeidarar som er trygge nok til å lytte, og til å vere nær hos den andre. Og når den andre opnar opp for å dele erfaringar om tru: Kva kan ikkje skje om eg vågar å tenke at eg ikkje må ha greie på alt? Å sleppe tanken om å måtte forsvare Gud, men gje plass til livet og trua, slik det er akkurat no.

Mangfaldig vitnemål 

Norges KFUK-KFUM er eit sterkt og mangfaldig vitnemål om Jesus Kristus i vår tid: Tween Sing, Globalløpet, Ten Sing Norway, KFUK-gruppa, Forandringshuset, leiarkurset, Communication for Change, SPEKTER, Kåffa, folkehøgskulane, barneleiren, sommarleiren, gudstenester og bibeltimar. Barn og unge møter Jesus, takka vere gode medarbeidarar med øyre som toler trøbbel, og med augo som ser det vakre i mennesket.