Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Aktivitetsleir på Nesholmen 2021

Aktivitetsleir på Nesholmen 2021

Velkomen til nokre spanande dager med mykje uteaktivitetar, leik og moro. Vi møtes på Nesholmen leirstad til eit sosialt fellesskap der du treff gamle og nye vener. Velkomen!!!!!!!


På Nesholmen har vi mange kjekke aktivitetar og samlingar.  Aktivitetsleir er leiren for barn mellom 10. og 13. år. Leiren går over 3 dagar (2 netter) og består av eit variert program med fokus på uteaktivitetar. Det vil bli kano/kajakk-turar ut på den vakre Storefjorden og mange mulegheiter for bading. Dersom du likar litt action og ballspel får du høve til å prøve det. I tillegg til uteaktivitetane blir det også dans, leiking og Nesholmiade. Detaljprogram får dykk tilsendt pr mail, 1-2 uker før oppstart.

kanskje ein flåte tur er av interesse!!!!...

Praktisk informasjon

Prisen for leiren er 1100 kr. Søskjenmoderasjon og medlemspris gjelder.
Leiren vert arrangert frå mandag 09. august til onsdag 11. august. Leiren startar kl. 18.00 og vert avslutta onsdag kl. 15.00.

Her er ei enkel pakkeliste:
Sovepose, laken, pute(?), innesko, gymkle/sko, sitteunderlag, toalettsaker, solkrem, myggstift, godt med klede til å være ute i (regnkle) og badeklede/ handuk. Ta høgde for Norsk sommar og ha med godt med varme klede i tillegg til sommerklede.

Bruk blå påmeldingsknapp på denna nettsida, som tar deg til vår påmeldingsløsning connect.kfuk-kfum.no.

Leiren kostar 1 100 kr og viss du melder deg inn som medlem får du 200 kr i rabatt. Vi har på denne leiren søskjenmoderasjon. Barn nr. 1 betalar full pris og og barn frå nr. 2 får rabattert pris. Husk å velg riktig alternativ i påmeldingsmodulen. 

Du kan melde på eigne born/barnebarn og andre born med samtykke frå deiras foresatte. Ved påmelding av andre treng du deira namn/etternamn, fødselsdato, adresse, mobilnummer, epostadresse, foresatt 1 og deira mobilnummer/epostadresse.

Husk å noter på påmeldinga om det er særskilte behov som vi må ta omsyn til. 

Utfordrande økonomi

VI VIL HA ALLE MED! ***
SØK VÅRT DELTAKERFOND! Vi vil at alle born skal ha moglegheit til å delta på våre leirar. Dersom det med betaling er vanskeleg, så ikkje nøl med å ta kontakt, så finn vi samman en løysning. Mange born og unge vekse opp i familiar som har ein sårbar økonomi og som ikkje har råd til å la borna delta i organiserte fritidsaktivitetar. KFUK-KFUMs deltakarfond bidrar til at alle barn og unge i vår organisasjon kan være med, uavhengig av familiens økonomi. Søk vårt deltakarfond om støtte til deltakelse på våre ukentlege aktivitetar og arrangement.