Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Årsmøte for KFUK KFUM Sogn og Fjordane

Årsmøte for KFUK KFUM Sogn og Fjordane

Velkomen til årsmøte for KFUK KFUM Sogn og Fjordane på Nesholmen leirstad 6. mars. Vi startar årsmøte med middag før vi går på vanlege årsmøtesaker og orientering om drift samt strategiarbeid - korleis skal krinsen utvikle seg i framtida.


Praktisk informasjon

Tidspunkt: 6. mars 2021 kl. 13.00
For: Alle delegatar frå einingar i krinsen og andre (spesifisert under)
Program: Middag kl. 13.00 - Årsmøte startar kl. 14.00. Kaffi og kaker underveis i årsmøte. (Middag vert betalt på staden og vert dekt av einingane.)

Årsmøtet er den øvste styresmakta i krinsen og er samansett av: 
Krinsstyret.
Leiar i styret i kvar av dei lokale einingane.
Frå einingar utan eige styre, møter vaksenleiar.
Einingar kan sende 3 utsendingar, i tillegg til leiar, med røysterett
Nesholmstyret.
Leiar, eller ein vara for leiar, frå kvart av utvala  i krinsen.
Krinsleiaren for KFUK- KFUM speidarkrinsen, tilsette i krinsen, styrar for Nesholmen leirstad og leiar for verksemder eigde av krinsen. Desse er utan røysterett.
Eventuelle utsendingar frå Norges KFUK-KFUM. Desse er utan røysterett. 

Saker som skal handsamast (førebels liste) er:
1. Budsjett og rekneskap
2. Val 
3. vedtak i sak om "framtidas Nesholmen"
4. Endring av organisasjonsstruktur for krinsen herunder og nye vedtekter for krinsen.

Saker som ein ynskjer handsama på årsmøtet, må vere krinsstyret i hende innan utgangen av januar. Endeleg innkalling kjem etter krinsstyremøte 10. februar 2021.

For å halde god smittevern så er det viktig at alle vert påmeldt i forkant av møte med å bruke påmeldingsknappen i denne artikkelen. Viss du føler deg dårleg så skal du ikkje møte, derfor er det viktig at einingane vel vara som kan møte på kort varsel. 

Viss smittesituasjonen gjer at møte ikkje kan haldast fysisk så kalles det inn til digitalt årsmøte. Vi vil kome attende til opplegg viss dette vert nødvendig. Vi kan og kome i ein situasjon med at vi får avgrensningar i antal frammøtte pga reglar med fastmonterte seter eller ikkje. Så viss dette slår inn så vil krinsstyre kome med informasjon om ein alternativ stad for å kor vi avhalde krinsårsmøte. 

Velkomen!!