Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Barnefestival 2021 - Nordfjordeid

Barnefestival 2021 - Nordfjordeid

Endeleg kan vi sleppe oss laust etter nokre krevjande månader med korona. VI i KFUK KFUM Sogn og Fjordane inviterer til ein feiande flott barnefestival på Operahuset på Nordfjordeid. Velkomen til ein dag med underhaldning, leik og moro. Josefine og Oskar, årets vinnere av MGP junior vert med.


Enten du har sunge i kor, kanskje tenker du vil synge i eit kor eller bare vil vere med på ein kjekk dag på Operahuset så er akkurat DU hjarteleg velkomen.

Josefine og Oskar sang den flotte songen med tittelen "smitte deg med glede."
Songteksten var eit farvel med korona og eit stort velkomen til glede og fellesskap.

"Kos og klem og sang og glede vi må alle sammen spre det!
Sykdom, smitte, dritt og lort Sammen må vi få det bort!
Vi skal sammen spre vårt virus
Fyllt av glede, dans og sang!
Smitte deg med kjærlighet
Og spre det over Norges land."

Arrangementet i Operahuset er for alle og påmelding skjer via linken i høgre hjørne på denne artikkelen. Vi er i sluttfasen av å lage programmet, men vi kan love, eit godt sosialt og kjekt program med aktivitetar som  drama, dans, felleskor og ikkje minst leik og moro. 

Vi startar dagen kl. 10.00 med registrering og held på til kl. 18.00. Det er bare deltakarane som betaler for festivalen, foreldre/føresette, leiarar og andre har gratis adgang. Vi held open kiosk slik at ein kan kjøpe seg mat underveis. Deltakarane får lunch og litt frukt. 

Alle som melder seg på får, ei veke før, tilsendt oppdatert program for festivalen. 

Håper vi ser deg på festivalen:

For ytterligare informasjon kontakt Stein Robert Osdal på mobil 41764312 eller Ingeborg Koppen Hessevik på mobil 91898656.

(foto:  Hans Otto Bordvik/NRK)