Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Barneleir på Nesholmen 2021

Barneleir på Nesholmen 2021

Velkomen til ein flott oppleving på Nesholmen leirstad. Barneleiren vert arrangert 6. til 8. august 2021 og endeleg kan vi møtast etter over eitt år med korona og nedstengning. Vi inviterer barn frå 1. til 4. klasse til ei hyggeleg helg med vennskap, fellesskap, leik og moro.

Påmeldinga har starta og førstemann til mølla. Gled dykk, dette blir berre heilt kanon bra! 

PROGRAM PÅ BARNELEIR

Du kan padle kano, bade, vi skal ha ballspel, konkurransar, leirbål, fokussamlingar og mykje mykje meir. Vi ynskjer mange vil være med i år også - vi gledar oss veldig til å bli kjend med mange nye born og sjå igjen dykk som har vært med oss tidlegare.

Praktisk informasjon

Prisen for leiren er 990 kr. Søskjenmoderasjon og medlemspris gjelder.

Leiren vert arrangert frå fredag 6. august til søndag 8. august. Vi startar leiren kl. 18.00 fredag og avslutter søndag kl. 15.00. Vi sender ut nærare informasjon om leiren i løpet av juni/juli.  Det som er klart er at du må ta med: Sovepose, laken, pute(?), innesko, gymkle/sko, sitteunderlag, toalettsaker, solkrem, myggstift, godt med klede til å være ute i (regnkle) og badeklede/ handuk. Ta høgde for norsk sommar og ha med godt med varme klede i tillegg til sommerklede.

Påmelding

Treng du bistand for å melde på deg sjølv eller andre? Du kan melde på eigne born/barnebarn og andre born med samtykke frå deiras foresatte. Ved påmelding av andre treng du deira namn/etternamn, fødselsdato, adresse, mobilnummer, epostadresse, foresatt 1 og deira mobilnummer/epostadresse.

Bruk blå påmeldingsknapp på denna nettsida, som tar deg til vår påmeldingsløsning connect.kfuk-kfum.no. Alle som har eit mobilnummer kan benytte connect.kfuk-kfum.no. 

Husk å velge påmeldingsalternativ og å fylle inn kommentarfelt viss du har behov for det. Ta gjerne  kontakt på sogn-fjordane@kfuk-kfum.no -  eller mobil 48140955 så hjelper vi deg gjerne

UFORDRaNDE ØKONOMI? 

Vi vil at alle born skal ha moglegheit til å delta på våre leirar. Dersom det med betaling er vanskeleg, så ikkje nøl med å ta kontakt, så finn vi samman en løysning. Mange born og unge vekse opp i familiar som har ein sårbar økonomi og som ikkje har råd til å la borna delta i organiserte fritidsaktivitetar. KFUK-KFUMs deltakarfond bidrar til at alle barn og unge i vår organisasjon kan være med, uavhengig av familiens økonomi. Søk vårt deltakarfond om støtte til deltakelse på våre ukentlege aktivitetar og arrangement.