Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

HaustTreff, leir for ungdom

Ein leir for deg mellom 13- 19 år. Her kan du få boltre deg ilag med ungdommar frå heile Sogn og Fjordane. Fellesskap, glede og lågterskel. Det blir sportslege, kreative og morosame aktivitetar, både ute og inne. Kristian Byfuglien Knapstad kjem for fokustime og Gudsteneste.


Kristian Byfuglien Knapstad

KRISTIAN BYFUGLIEN KNAPSTAD 

Vi er heldige å få besøk av Kristian Byfuglien Knapstad på HaustTreff i år! Han er programsjef og assisterande generalsekretær i KFUK-KFUM Noreg. Kristian skal leie fokustimane og vere prest på gudstenesta. «Eg gler meg til å vere på Nesholmen, verdas finaste leirstad!» 

Fritt fram-kveld

Har du ein komikar i magen? Kanskje du er ein kløppar på gitar eller har ein morosam leik på lur? Laurdags kveld er scena open på HaustTreff, og du kan vere med å gjere kvelden uforgløymeleg, anten ved å by på innslag eller heie som ivrig publikum.

Fokustime 

Ein time med fokus på helga sitt tema knytt til trusopplæringa.

Wake up

Det er tidlig på dag. Våre trøytte kroppar får oppvarming med leik og musikk, så blir vi klar for dagen.

Opningskveld

Det er tid for å bli kjend! Med mykje leik og sprell, blir vi varme i trøya og får helse på våre framtidige vener.

Hausttreffkomitè

Eirik Byrkjeland, Are Wergeland, Maria Bjørnereim, Ingeborg Magerøy, Sunniva Thingnes Leira

Program

Fredag 18. oktober 

18.00 Registrering og innkvartering 

19:00 Kveldsmat 

20:00 Opningskveld 

22:45 Kveldsavslutning 

Laurdag 19. oktober 

09:00 Flaggheis og bøn for dagen 

09:15 Frukost 

10:00 Wake up! 

10:15 Fokustime 

11:45 Inne og uteaktivitetar 

13:00 Graut 

14:00 UTrulege Nesholmen 

16.00 Fritid 

16:30 Noko å bite i 

Eg vil også vere med i koret.!

17:00 Kor 

19:00 Middag 

20:30 Fritt fram 

23:00 Kveldsavslutning og nattønske 

Søndag 20. oktober 

09:00 Flaggheis og bøn for dagen 

09:15 Frukost 

09:45 Rydding og pakking 

10:30 Gudsteneste 

12:30 Avreise

HUGS! 

Sovepose,toalettsaker, inneklede, uteklede, bibel, innesko, utesko, pengar til kiosk og kollekt, godt humør.

PRIS

Medlem KFUK-KFUM kr.1100,- 

Ikkje medlem kr.1350,- 

Rabatt konfirmantar kr.100,- 

Meld deg inn i KFUK-KFUM og spar pengar på alle arrangement hos KFUK-KFUM. 

BETALING

Einingar og enkeltdeltakarar vil få ein betalingslink før oppstart av arrangementet pr SMS

PÅMELDING

Påmelding skjer på www.kfuk-kfum.no/sfj -Sjå etter , klikk deg inn og trykk "påmelding"

Reiser du med ei gruppe (TenSing, konfirmantar o.l), melder du deg på via gruppa og betalar til din leiar Påmeldingsfrist: 11. oktober

Deltakarfond

Alle med! Økonomi skal ikkje vere ein stoppar for deltaking hos oss. 

Les meir om vårt deltakarfond på kfuk-kfum.no/deltakerfond.

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med krinskontoret! KFUK-KFUM Sogn og Fjordane Postboks 329 6802 Førde Tlf: 469 15 529 

Mail: sfj@kfuk-kfum.no www.kfuk-kfum.no/sfj.