Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Hausttreff 2018

HaustTreff er ein leir for deg mellom 13-19 år. På Nesholmen leirstad i Hyen får du vere ilag med mange ungdommar frå heile Sogn og Fjordane. Her er det fokus på fellesskap, mykje glede og lavterskel. Det blir sportslege, kreative og morosamme aktivitetar, både ute og inne.

Program

Fredag 19. oktober 

18.00 Registrering og innkvartering 

19:00 Kveldsmat 

20:00 Opningskveld 

22:45 Kveldsavslutning 

Laurdag 20. oktober 

09:00 Flaggheis og bøn for dagen 

09:15 Frukost 

10:00 Wake up! 

10:15 Fokustime 

11:45 Inne og uteaktivitetar 

13:00 Graut 

14:00 UTrulege Nesholmen 

16:00 Fritid 

16:30 Noko å bite i 

17:00 KrinsKrams 

 19:00 Middag 

20:30 Fritt fram 

23:00 Kveldsavslutning og nattønske 

Søndag 21. oktober 

09:00 Flaggheis og bøn for dagen 

09:15 Frukost 

09:45 Rydding og pakking 

10:30 Gudstjeneste 

12:30 Avreise 

TEMA

Bryt Lydmuren Sjå for deg at du sit ein dag på skulen, i garderoben etter handballtrening eller kanskje er du på besøk hos ein venn. Plutseleg skjer det noko, som gjer at samtalen dreiar inn på tru. På Gud, kristendom, livet etter døden og etikk. Kva sier du? Kva ville du gjort? Kva ville du sagt? Mange ungdommar fortel at det kan vere vanskeleg å snakke om tru. Saman bryt vi lydmuren. 

Fritt fram-kveld

Har du ein komikar i magen? Kanskje du er ein kløppar på gitar eller har ein morosam leik på lur? Laurdags kveld er scena open på HaustTreff, og du kan vere med å gjere kvelden uforgløymeleg, anten ved å by på innslag eller heie som ivrig publikum. 

KrinsKrams 

På Hausstreff får du vere med på korøving. KrinsKrams er krinskoret til KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, og med så mange unge stemmer saman låter der skikkelig bra. 

HUGS! 

  • Sovepose
  • Toalettsaker 
  • Innesko 
  • Varme klede 
  • Uteklede til all slags vær 
  • Bibel 
  • Godt humør 

Pris Info: 

  • Medlem kfuk.kfum 1100,- 
  • Ikkje medlem 1350,- 
  • Rabatt konfirmanter 100,- 

Meld deg inn i kfuk-kfum og spar pengar på alle arrangement hos KFUK-KFUM. BETALING: 

Einingar og enkeltdeltakarar vil få ein betalingslink før oppstart av arrangementet pr SMS. Er det foreldrene som skal betale arrangementet, er det viktig at du setter opp hennes/ hans navn og telefonnr også 

Påmelding: 

Påmelding skjer på www.kfuk-kfum.no/sfj Sjå etter Hausttreff 2018, klikk deg inn og trykk på blå påmeldingsknapp. Reiser du med ei gruppe (TenSing, konfirmantar o.l), melder du deg via gruppa og betalar til din leiar. 

Påmeldingsfrist: 5 oktober 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med krinskontoret! KFUK-KFUM Sogn og Fjordane Postboks 329 6802 Førde Tlf: 46 91 55 29/ 91173079 Mail: sfj@kfuk-kfum.no www.kfuk-kfum.no/sfj.