Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

HaustTreff 2020

Ein leir for deg mellom 13- 19 år. Her kan du få boltre deg ilag med ungdommar frå heile Sogn og Fjordane. Fellesskap, glede og lågterskel. Det blir sportslege, kreative og morosame aktivitetar, både ute og inne. Erling Nydal kjem for fokustime og Gudsteneste.

Velkomen til Nesholmen 17. oktober.

HaustTreff er ein leir for deg mellom 13-19 år. På Nesholmen leirstad i Hyen får du vere ilag med mange ungdommar frå heile Sogn og Fjordane. Her er det fokus på fellesskap, mykje glede og litt konkurranse. Det blir sportslege, kreative og morosamme aktivitetar, både ute og inne. Vi har med oss ein drivande god leiarstab med unge kreative mennesker som brenn for å skape god stemning for alle. 

På grunn av korona så vert 2020 eit unntaksår. I staden for å arrangere ei helg så vert det ei dagssamling, men programmet er fullt av gøye aktivitetar som gjer at vi trur du reiser derifrå med mange gode minner. 

Velkomen til ein flott dag i godt sosialt lag. Under ser du programmet og påmelding gjer du enten ved å melde deg på her eller melde deg på via Ten-Sing, klubb eller konfirmantansvarleg. Påmeldingsfrist er 14. oktober.