Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Hausttreff 2021

Hausttreff er for ungdom frå 13. til 19. år og vert arrangert på Nesholmen leirstad. Velkomen til ei fartsfylt helg, med eit godt fellesskap og mykje leik og moro.

Hausttreff er ein tradisjonell og svært populær leir som vi har svært lyst at du vert med på. 

På Nesholmen leirstad i Hyen får du vere ilag med mange ungdommar frå heile Sogn og Fjordane. Her er det fokus på fellesskap, mykje glede og lavterskel. Det blir sportslege, kreative og morosamme aktivitetar, både ute og inne. 

Ein arrangementskomite av ungdom i 20-åra vil garantert lage ein leiroppleving som passer deg og der du tar med deg gode minner heim igjen. 

økonomi skal ikkje vere ein stoppar for deltaking hos oss. Les meir om vårt deltakarfond på https://kfuk-kfum.no/deltakerfond

Leiren kostar 1150 kr og det er 200 kr i rabatt viss du er medlem i KFUK KFUM. Vi har søskjenmoderasjon med 150 kr i rabatt for ungdom nr. 2 i ein familie. Vi har og spesialpris på 900 kr for fjorårskonfirmantar som har fått spesialinvitasjon frå krinsen via det lokale kyrkjekontoret. 

Påmelding skjer via denne sida blå knapp oppe i høgre hjørne. Velkomen og meld deg på :-)