Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

KFUK-helg 2021

KFUK-helg 2021 - avlyst

Velkomen til ei inspirerande helg på Nesholmen leirstad. Ta med deg ei venninne og kom

Velkomen til årets KFUK-weekend på Nesholmen leirstad. Velkomen til ei samling der latter, insiprasjon, samtalar, ettertanke, kvile og fellesskap står i fokus. 


I år får vi besøk av Jorunn Gjengedal Knapstad som skal halde gudstenesta for oss søndag. Jorunn er i dag vikarprest i Florø og har i mange år vert rektor på Sunnfjord folkehøgskule.  

Rigmor Frøyen vil på laurdagen halde misjonsforedrag. Ho er til dagleg sokneprest i Naustdal, har i mange år vert misjoner for NMS i Mali og sitter i dag i landsstyret i Misjonsselskapet. 

Årets tema er å dele trua. Dele kanskje det viktigaste vi har med kvarandre og kor viktig misjonen er. 

I år oppfordrar komiteen kvar deltakar om å ta med seg ein gevinst til misjonsbasar, der inntektene går til kvinne / barn prosjekt i NMS

Litt praktisk informasjon
Arrangementet er på Nesholmen leirstad 30. - 31. oktober 2021. Registrering laurdag frå kl. 12.30. Avsluttar søndag etter middagen kl. 13.00. 
Påmelding skjer ved å trykke linken i høgre hjørne på denne artikkelen. Ein kan og ringe 48140955 for å melde seg på, men ein ser helst at ein bruker påmeldingslinken i høgre hjørne. 
Påmeldingsfrist er 24. oktober. 
I etterkant av helga får kvar deltakar ein SMS med nødvendig betalingsinformasjon. 

Pris:
medlem/ikkje medlem
Pris per person - dobbeltrom 950,- / 1150,-
Pris per person - enkeltrom 1050,- / 1250,-
Leige sengetøy 130,-

Inviter gjerne ei venninne til denne samlinga og velkomen skal du være. 
Illustrasjonsfoto: kirken.no