Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Påsketreff for ungdom

Påsketreff for ungdom

«Aldri eit år utan påskeleir/dagar på Nesholmen.» Leiren er for ungdom på ungdomskule, vidaregåande og ungevaksne. Ein møteplass. Kanskje ei blanding av leir og litt kurs – kom og bli både klokare, få nye vener, vere saman med vener du alltid har hatt, oppdag deg sjølv og dei andre på nytt.

Påskeleir på Nesholmen 14.-16. april

Opplev leir på Nesholmen på ein måte som du ikkje har opplevd før, men kanskje tenkt at dette kunne vore spennande å vere med på. 

 Blir du med? Du skaper ei forskjell. Du betyr noko. Alle er like viktige. 

Palmesøndag: kl 1500: Innkvartering og middag

Kl 1600 introduksjon og konsept 

Måndag: Smilefjes, tankefjes, god mat, leik, avslapping, bussskur om du vil, bading, groupskills the best skills for the future, Prosess, Tur, Søvn, kveldstankar, undervising, sofa, dans, nye sider, bibel, spel, gode pratar, god musikk, nattverd, stemning. Nye vener, gamle vener, påskevener 

Tysdag: KL 1300 Slutt PRIS 840,- inkluderer: 2 middagar 2 kveldsmåltid, 2 frukostar, 2 overnattingar på Bakkehuset og Anderstova. Maks 40 deltakarar 

Påmelding 

Startar 20. mars kl 08.00 og varer til torsdag 11. april kl 23:59: post@nesholmen.no 

Namn: alder, adresse, epost, og mobilnummer. Særskilde behov: 

Ta med deg:

 • Sovepose, eit ullteppe(hyttene er ikkje vinterisolert, men påska er sein), laken og putetrekk, innesko og det du treng for både vere inne og ute og for å ha ein viss standard på personleg hygiene😊. Bibel, skrivesaker og positiv innstilling til å bidra. Har du eit musikkinstrument - ta det med. • 3-4 stk frukt, 3-4 bollar eller 3-4 kakestykker til felleskapen, spikkekniv, pengar til takkoffer til KFUK-KFUM.

For spørsmål: 

Ta kontakt med Erling Nydal : 47 86 83 14 / erling.nydal@fordekyrkje.no Nesholmen: 90 92 45 00 / post@nesholmen.no Arrangør: Nesholmen saman med Norges KFUK-KFUM Sogn og Fjordane krins.

Tradisjon og nytenkning 

Påskeleirane på Nesholmen er ein tradisjon som har halde på sidan leirplassen var ny. Veldig mange har gode opplevingar og kjenner at dette er ein tradisjon dei sjølve gjerne vil halde fram med eller ynskjer at andre skal oppleve. Nesholmen ynsker å vidareføre denne tradisjonen, men og å fornye den. 

Hovudmålet med NY påskeleir er at deltakarane skal ha

 • Gode opplevingar • Kjenne seg verdifull • Lære noko nytt både praktisk, teoretisk og åndelig 

Opplevingane får vi i felleskap, i leik, i latter, i grupper, på tur til bussskuret, når vi pratar saman. når vi syng. Kjenne seg verdifull er når vi får delta med dei ressursane vi har. Når vi bidreg med oss sjølve til felleskapet når vi må ta oppvasken, dekke bordet, spele kort i saman, gjer ting saman, lytter. Lære noko nytt skjer når vi er tilstades, får gode innspel av andre, får noko å tenke på og arbeide med. Det kan skje når doen blir vaska😊 , i undervising, i konkuranser eller vi gjer noko vi ikkje har gjort før. 

 Temaer i undervising: 

 1 Prosessar i grupper kva skjer og korleis får vi dei til å fungere best mogeleg. 

 2 «Kvifor påskeevangeliet og ikkje Ringenes Herre?» 

3 Reading the gospel for the first time, again. Om å forstå og oppleve det kristne bodskapen som ungdom og vaksen Dette ei ny vri på eit gammalt konsept. 

 Programmet er ikkje lagt. Det blir laga av deltakarane i løpet av leiren. Nokre ting er bestemt, nokre oppdrag må utførast. Nokre oppgåver må løysast. Nesholmen har ynskje om å fornye leiropplevinga og gje noko som de kan ta med dokke ut i skule og utdanning. Så er «FARMEN-konseptet» utan konkurranse og utsending del av opplegget. Det vil seie at vi må gjere leiren sjølve. 

 Leiransvarleg er Erling Nydal, ungdomsprest i Førde og styreleiar i Nesholmen Joanna jędrzejewska er dagleg leiar for Nesholmen og praktisk ansvarleg.