Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Ten Sing Kurs 2020 - Sunnmøre Folkehøyskole

Velkommen til Ten Sing kurs på Sunnmøre Folkehøgskule! KFUK-KFUM Møre og Romsdal, KFUK-KFUM Sogn og Fjordane og eit leiarteam med trygge og erfarne Ten Sing leiarar står klare til å ta i mot deg for nokre dagar med moro, læring og inspirasjon.

informasjon om kurset

Ten Sing kurs er eit tilbud til all ungdom fra 15 år og oppover som ønsker eit seminartilbud i sommer og som vil lære meir og utvikle seg innenfor band, dans, drama, lydteknikk, sang, direksjon og styrearbeid. På Ten Sing kurs får du være kreativ, møte andre ungdomar og delta på ein seminargruppe kor du får oppfølging av dyktige instruktørar, alt i ramma av eit sosialt felleskap.

Kurset har plass til 50 deltakarar. Arrangementet vil følge dei faglege råda for smittevern, det skal vere trygt å vere på eit arrangement i regi av KFUK-KFUM. Med desse rammene og etter påmeldingsfristen så vil arrangementskomiteen fordele plassar til dei ulike Ten Sing kora viss kurset får over 50 påmeldte. Vi ynskjer at flest mogeleg Ten Sing kor skal få vere med på dette kurset. 

TIDSPUNKT 

Kurset vert halde på Sunnmøre folkehøgskule fredag 31. juli til søndag 2. august. Det vert ikkje overnatting for lokale deltakarar men dei med lengst reiseveg er det mogeleg med overnatting.

PRIS 

  •  1500 kroner - Deltakeravgift for kurs (inkluderar 6 måltider) 
  •  2000 kroner - Deltakeravgift for kurs med overnatting (inkluderar 6 måltider, sengetøy og håndkle)

seminarer

band

Bandseminarene er for deg som speler eit instrument, og som spelar eller vil spele i band. Her får de ulike utfordringar og oppfølging etter erfaring på ditt instrument. Du vil få erfaring i samspel med andre instrumentar, og verte meir bevisst sin eigen rolle i samspillsituasjon. På seminaret vil det være fokus på lytting, presisjon, time og takt.

dans

Dans er seminaret for deg som er eller skal verte danseleiar i Ten Sing, eller for deg som bare liker å danse. Her får du lære korleis du kan bruke dans i Ten Sing, og korleis du kan verte ein best mogleg danseleiar i din eigen Ten Sing-gruppe. Du får innføring i ulike danseøvelsar, lærer korleis du kan gå frem for å lage koreografi, og om korleis du vert trygg til å danse på ei scene. 

direksjon/korleiing

På dette seminaret får du innføring i korleiing og i å dirigere eit kor.

drama

På dramaseminaret får du moglegheit til å være kreativ, trosse grenser og leve deg inn i ulike scenarioar. Du får lære meir om improvisasjon, rollearbeid og korleis drama kan brukes i Ten Sing. Du vil også få innsikt i korleis du kan leie dramagruppa. Kva er lurt å tenke på som leiar før ein dramaøvelse, og korleis kan din dramagruppe jobbe frem mot ein forestilling/konsert?  I tillegg vil du sjølv delta i ein kreativ prosess.

styrearbeid

Styrearbeid og leiing er seminaret for deg som liker å planlegge, organisere og ta ansvar, og sitte i styret i Ten Sing-gruppa eller klubben. Her vil du få innblikk i korleis man driver styrearbeid og leiing i ungdomsarbeid generelt og i din Ten Sing gruppe spesielt. Vi ser på korleis ein kan gjere Ten Sing-gruppa eller andre ungdomsarbeid til eit godt sted for ungdom, der de kan utvikle sine leiaregenskapar. 

kontaktinformasjon

For ytterligare informasjon om kurset kan du kontakte dagleg leiar for KFUK KFUM Sogn og Fjordane, Stein Robert Osdal mobil 41764312 eller dagleg leiar i KFUK KFUM Møre og Romsdal Ruben Voldsund på mobil 99451768. 
Vel møtt til eit gjevande kurs på Sunnmøre folkehøgskule.