Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Lek: Nippon HAH!

Ein herleg og tullete leik der ein har det morosamt og får opp energien i gruppa samstundes med at ein øver på å halde fokus og på samspel.

Alle står i ein ring. Ein i ringen begynner å sende ein "HAH!" rundt ved å støte venstre/høgre arm mot høgre/venstre. Nestemann sender "HAH!"-en vidare på same måte. 

Ein kan snu retninga på "HAH!"-en ved å sende han tilbake motsett veg, eller ein kan "unngå" han ved å dukke og seie "blblblblbl"; da går han vidare til nestemann. Ein kan også "kaste" "HAH!"-en til noen andre i ringen ved å seie "Hata mana!" og deretter namnet til den som skal motta HAH-en.  Den som da får "HAH!"-en må seie: "Kim sin sei kimono nippon ha HAH!"

Viss noen gjør NOKO SOM HELST feil, må dei ta på seg horn (peikefingrane opp frå panna) og springe ein runde rundt inni ringen mens dei andre trommar på låra sine og slår dei på ryggen når dei passerer. Leiken sluttar i stor grad å vere artig når alle meistrar han. 

Det er viktig at ein har eit høgt lydnivå og energiske bevegelsar.