Krinsårsmøte 2020 Møre og Romsdal krins
Vi ønskjer velkomen til krinsen sitt årsmøte på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Vi håpar at alle einingar i krinsen vil sende sine delegatar.
Set av dagen sundag 29. mars for å treffe andre frå KFUK-KFUM i heile krinsen!
VI OPPFORDRAR ALLE EININGAR TIL Å SENDE MINST EIN DELEGAT TIL ÅRSMØTET!
PÅMELDING:
Bruk påmeldingsknappen til høgre på denne sida.
Påmeldingsfrist: 22. mars
Deltakaravgift: kr 200,- som eininga bør kunne dekke.
PROGRAM:
11.00 Gudsteneste i Ulstein kyrkje
12.30 Registrering og kaffi/te
13.00 Opning. Årsmøteforhandlingane tek til
15.15 Middag
16.00 Forhandlingane held fram
18.00 Krinsårsmøtet slutt
SAKLISTE:
Sak 01/20 Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 02/20 Konstituering av møtet og val av møteleiing
Sak 03/20 Årsmelding 2019
Sak 04/20 Rekneskap 2019
Sak 05/20 Budsjett 2020
Sak 06/20 2-årsmål for krinsen 2020-2022
Sak 07/20 Val
Sak 08/20 Orienteringssaker
HUGS ÅRSMØTEGÅVA:
Det er lang tradisjon for at einingar gir ei årsmøtegåve i samband med krinsårsmøtet, uavhengig av om eininga er representert på krinsårsmøtet eller ikkje. Denne gåva går til krinsen sitt arbeid, og kan betalast inn til konto: 4137 10 04082.