Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Nattcup Nordfjord

VELKOMEN TIL NATTCUP! Vi ynskjer alle konfirmantar i Nordfjord og Vanylven velkomne til Nattcup 2018 i Nordfjordhallen fredag 2. november. Vi skal spele fotball, kåre beste heiagjeng, show med Ruben Gazki, vere med på gudsteneste, samle inn pengar til Sri Lanka-prosjekt og vere opp heile natta!

turnering

Kampane vert spela på kunstgrasbane med 5 utespelarar + keeper. 

Nordfjordhallen kan inndelast i 3 baner. Kvart lag bør ikkje ha meir enn fire innbytarar, men innbyte kan skje kontinuerleg. Kvar kamp varer i 9 min. utan sidebytte. Det vert kåra vinnar i jente- og guteklasse. Ein spelar kan berre vere med på eit lag. 

SEMINAR 

Seminara er eit tilbod for dei som ikkje spelar fotball eller er ute av turneringa. Seminara er delt inn i to økter frå kl. 01:15-02:00 og kl. 03:15-04:00. Meir info kjem. 

HEIAGJENG 

Kvart lag kan ha sin eigen heiagjeng. Det kan vere deltakarar som ikkje spelar fotball, eller det kan vere spelarar frå andre lag frå kyrkjelyden. Det vert premiering av beste heiagjeng, så her er det om å gjere å førebu seg godt med plakatar, kostymer, instrument og anna som kan skape stemning under kampane. NATTMESSE Klokka 24.00 bryt vi av kampane og samlar oss til ei stemningsfull midnattsmesse! 

TIMEOUT

Klokka 03.15 vert det Globalaksjon i forbindelse med innsamlinga til vårt Sri Lanka prosjekt.

MILJØTORG 

Miljøtorget er ulike stader der du mellom anna kan spele volleyball, innebandy, hoppegrop, sansesrom med m.a. lys tenning og bruk av alle sansane, bordspel, PlayStation, lage plakatar til heiagjengen, eller teikne på t-skjorter (ta med deg ei kvit t-skjorte, eller du kan kjøpe ei på Nattcupen for 50 kr.) og klatring. Det kan kome endringar ad. aktivitetar under Nattcupen! 

OBS!! Det vert tatt bilete under arrangementet som kan bli brukt til å reklamere for våre arrangement. Ønsker du å fraskrive deg det? gje beskjed

PROGRAM 

19:00 Registrering 

19:30 Opning 

20:30 Kampstart 

24:00 Midnattsmesse 

01:15 Kampane held fram 

02:15 " Time out 1" Showmed Ruben 

03:15 " Time out 2" Globalaksjon 

04:00 Sluttspel 

05:30 Finalespel 

06:15 Finito 

Under midnattsmessa, Timeout og Ruben vert det ikkje spelt kampar. Vi tek atterhald om endringar i programmet. 

REGLA

Under heilenattcupen er vi i Nordfjordhallen. 

Etter kl.21:30 vil Nordfjordhallen verte lukka, og vi vil ha eit eige område der vi kan lufteoss. 

Nattcupen er eit røyk- og rusfritt arrangement

Brot på reglane kan føre til at vi kontaktar føresette. Alvorlege brot vil føre til himsending. 

Energidrikk er ikkjetillatt. 

HUGS

Allemøter opp i treningsklede

Hugsdrakter/leggbeskyttere 

Innesko / fotballsko.Dekket på fotballbana er kunstgras. 

Pengar til Sri Lanka-prosjekt 

Kvite t-shortetil åmale på evt kjøpe 

Utstyr til heiagjengen 

Niste/drikke(kiosk er open heile natta) kontant +vipps

Pris 

Kr 250,- pr. deltakar og Kr 100,- kr.pr. lag 

Nokre stader er denne prisen inkuert i konfirmant- kontigenten for heileåret. Det vil du få viteav din leiar

Nattcup Nordfjord 2018 brosjyre.pdf