Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Barnefestivalen 2016 en suksess!

12. mars 2016 kom det over 113 born til Førdehuset i Førde for å delta på KFUK-KFUM Sogn og Fjordane sin årlege Barnefestival!! Her vart det leik og moro for både store og små ,og det er nesten trist å sei at det er eit heilt år til neste Barnefestival!

Dirigenten for dagen Eliane Wergeland storkosa seg på scena der ho underhaldte alle i salen med leik og sprell før "alvoret" tok til med lydsjett og prøver for halvparten av kora. Medan desse hadde lydsjekk, så kunne andre halvparten reise opp i Festsalen og delta på Myldretorget. 

På Myldretorget stod Kula og Myggen og lagde ballongdyr, det var flinke jenter som lagde ansiktsmaling, bowling, perling, hobbykrok, bibelknask, gjenbruksstasjon, bordspel og det vart arrangert turar til klatreparken.
Og sist og ikkje minst vart det arrangert danseseminar der dansen vart vist under konserten på slutten av dagen. Dette viste seg å vere kjempe populært!

Under heile Barnefestivalen vart det solgt lodd til inntekt for YMCA Sri Lanka. Vi fekk inn over kr 2 000,- og det er FANTASTISK!!!

Det gjenstår og takke alle kora som deltok på årets Barnefestival og vi gler oss kjempe masse til neste gong vi møtast!!

Desse kora deltok:

Naustdal Jentekor
Vevring barnekor
Sprell Levande
Førde MiniGospel
Sandane Barnegospel
Guddal Familiekor
Nordsida Barnegospel
Bremanger Barnekor
Førde TweenSing
Do Re Mi