Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Nesholmen leirstad, Sogn og Fjordane

Nesholmen leirstad, Sogn og Fjordane

Nesholmen, vår alles kjære leirplass, er idyllisk plassert i Hyen. Det er på denne plassen vi i Fjordane har dei fleste leirane våre.

I løpet av året har vi som krins tre barneleirar

  • Barneleir 1 -  1.-4. klasse.
  • Aktivitetsleir - 4.-.7. klasse
  • Barneleir 2 - 1.-4. klasse.
For ungdommar i alder 13 - 19 år har vi to leirar: 
  • Haustreff 
  • Påsketreff 

For vaksne med (og utan) familie er det kvart år Palmehelg 1. helga i påska. Dette blir ein fin og roleg start på påska der ein kan slappe av og vere sosoial.

Kvart år er det  Nesholmstemne andre helga i august.

I oktober blir det rein kvinne helg på Nesholmen då damene samlast til KFUK-helga.

UTLEIGE

I tillegg er det veldig mykje anna som foregår der i løpet av året. Mange av sokna i området bruker denne leirplassen til konfirmatleirar. Andre organisasjonar bruker Nesholmen til kurs.Det er og ein fin plass til tilskipingar som td.barnedåp, bryllaup, konfirmasjon , etterlag og slektstemner.

Sjå Nesholmen sine eigne sider

Vil du gi ei gåve til nesholmen?

Dugnad på Nesholmen

Nesholmen er eit stort anlegg med mange bygningar og mykje utstyr. Det krev stødig tilsyn og mykje vedlikehald. Narve Eimhjellen er vaktmeister og gjer ein framifrå jobb på dette feltet. Men mykje vedlikehaldsarbeid eignar seg også godt til dugnad, og her hadde det vore fint om endå fleire hadde meldt seg til innsats.

Hovedbygget på Nesholmen