Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Ny daglig leder

Endelig er ny dagleg leiar på plass for Møre og Romsdal! Her får du ein liten presentasjon.


Litt om min bakgrunn

Mitt namn er Ruben Voldsund. Eg er 25 år, kjem i frå Ulsteinvik, og har nyleg starta i jobben som dagleg leiar i KFUK-KFUM Møre og Romsdal. Eg er utdanna grunnskulelærar med tilleggsutdanning innanfor organisasjon og leiing, og har dei siste fem åra jobba som ungdomsarbeidar og ansvarleg vaksenleiar i Ulstein Ten Sing. I 2014/2015 gjekk eg i Ten Sing Norway. 


Interesser

Eg er svært musikkinteressert og liker godt å både høyre på og lage musikk. Slagverk er hovedinstrumentet mitt, og piano følger like bak. Foto og video er også på lista over interesser, i tillegg til å treffe nye mennesker. 


Funfacts

I 2019 budde eg i Los Angeles i USA. Medan eg var der blei eg, som gåande, fløyta på i eit vegkryss av Miley Cyrus. 

Etter eit par runder med leirdueskyting fekk eg eit tilbod om å bli med på landslaget ein gong eg var i Bergen. Eg takka høflig nei, men kan ikkje anna enn å undre kor eg hadde vore i dag dersom eg sa ja. 

Ei helsing til deg

Eg ser fram til å bli kjent med deg, di eining og gruppe, og all den aktiviteten som foregår i krinsen vår. Mitt mål er at vi saman skal løfte organisasjonen gjennom engasjement, meiningsfullt arbeid og meistring! Det er fryktelig spennande å tenke på kva vi kan få til i lag, og derfor gleder eg meg til alt som skal skje framover. Det er også viktig for meg å understreke at eg er tilgjengelig for deg. Ver frimodig, ta kontakt og vit at alle og ein kvar blir teken på alvor. Elles må eg få ønske alle ein riktig god sommar!


kontakt

Mobil: 99 45 17 68

Mail: ruben.voldsund@kfuk-kfum.no