Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Ny programarbeidar tilsett

Velkomen Daniel til KFUK KFUM SOgn og Fjordane

Daniel Lira Figueiredo er tilsatt som programarbeidar i 100 % stilling hos oss og startar i jobben 1. august. Han skal ha særleg fokus å bygge opp relevante og attraktive aktivitetstilbod for barn og ungdom i Sunnfjord. 

Frå 2020 har KFUK KFUM Sogn og Fjordane inngått eit strategisk samarbeid med Bjørgvin bispedømme med mål om å styrkje og utvikle barne- og ungdomsarbeidet i Sunnfjord.

Daniel Lira Figueiredo er i dei siste 6 åra jobba som lærar på Sunnfjord folkehøgskule. Han er født og oppvaksen i Brasil og flytta til Norge for å studere og jobbe. Han har vert hovudtrenar for ulike profesjonelle sandvolleyballag i Norge og i Brasil og er utdanna innan idrettsvitenskap med spesialisering i Coaching, trening og idrettspsykologi ved Norges idrettshøgskole.

Han gleder seg til å starte i jobben han er skriver at: “Eg er sikker på at dette vert ei spanande, utfordrande og lærerik stilling. I dei 6 åra eg har jobba som folkehøgskulelærar og ein god del av mine erfaringar og oppgåver ved folkehøgskulen henger godt saman med KFUK-KFUM Norge sitt formål med “å utvikle og ta ansvar for hele mennesket med ånd, sjel og kropp”. Som idrettslærer har jeg alltid vært opptatt av å kunne formidle, lære og praktisere gode verdiar ved å bruke idrett, samlingar og andre aktiviteter.”
Han skriver vidare at “Eit av mine største mål som programarbeidar er å gjere barn og unge meir bevisst på at gode verdier er noko som må praktiseres for å forstå oss sjølv betre og korleis man då kan skape ein betre relasjon med seg sjølv og med andre rundt seg. Gjennom små grep i kvardagen kan vi ta betre være på og utvikle oss som heile mennesker. På denne måten gjer vi oss alle i stand til å ta ansvar og bidra til en betre verden.”
Til slutt sei han at “det å jobbe som programarbeidar vil gi han ein stor moglegheit for å utvikle seg sjølv som prosjektleiar, fagleg og personleg, og gjennom dette bidra med gjennomføringa av KFUK-KFUM sin strategiplan i Sogn og Fjordane.

Vi i KFUK KFUM Sogn og Fjordane er særs glade for at han vert med på laget og vi ser verkeleg fram til å starte eit spanande arbeid frå august av.