Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Sommarleirar Nesholmen 2016

Første helga etter skuleslutt gjekk KFUK-KFUM Sogn og Fjordane i gong med eit maraton av sommarleirar på vakre Nesholmen. Vi la opp til og håpte på å gjennomføre heile tre sommarleirar, men måtte dessverre til slutt kansellere den siste leiren grunna for få påmelde. Når det er sagt, er vi veldig nøgde med talet på deltakarar på dei to andre leirane. Nærare 140 born frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn ville tilbringe den første delen av ferien på leirstedet vårt. Dette gleda oss veldig!

17. juni møtte det opp over 70 forventningsfulle born i klassetrinn 1.-4. Barneleir 1 (17.-19. juni) var inspirert av KFUK-KFUM Speidaren og på agendaen var målet å tilbringe så mykje tid ute som mogleg. Vi fekk opp flotte gapahukar til dei som ville sove ute, men myggen jaga dei fleste i hus i løpet av natta. Det positive er at det iallfall var eit teikn på at vinden hadde stilna. 
Søndagen ved avreise fekk foreldra høve til å kjøpe middag og ete med borna.

Aktivitetsleiren som gikk frå måndag 20. til torsdag 23. juni var også ein suksess med over 60 påmeldte i klassetrinnet 4.-7.
Nytt av året var at deltakarane fekk velje mellom tre aktivitetar som Vannsport, Klatring & Ballspel og til slutt Dans & Drama. Det vart sjølvsagt høve til å prøve til å prøve dei andre aktivitetane i fritida, så i bunn og grunn fekk alle prøve alt. Siste kvelden stilna vinden og vi fekk ein nydelig kveld med leirbål der vi grilla pølser og marshmellows medan ein kunne duppe uti og ta eit herlig kveldsbad i Storefjorden.

Torsdag ved avslutning vart foreldra invitert til å delta på Fokustime der dei tre aktivitetsgruppene fekk vise fram det dei har jobba med på leiren. Det vart skodespel med dans på toppen av det heile og applausen var inderlig.

Vi ynskjer å takke alle borna som var med og deltok på årets sommarleirar og vi ynskjer å takke alle dei fantastiske leiarane som var med og gjorde dette mogleg! Utan dykk hadde leirane ikkje vore mogleg å gjennomføre!! Sist, men ikkje minst ynskjer vi å takke Florø Klatreklubb som stilte med utstyret vi trengte for å kunne ha klatre aktiviteten!!