Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Velkommen til Vonhaug på Mjølfjell


Leitar du etter ein stad å reise på hyttetur ei lita eller mellomstor gruppe? Vonhaug er KFUK-KFUM Voss si koselege og praktiske hytte på Mjølfjell, i gangavstand frå Mjølfjell stasjon.

velkommen til vonhaug!

Vonhaug ligg nydeleg til på Mjølfjell, og er lett å komme seg til med både bil og tog. Rett utføre hyttedøra finn du fanstisk turterreng, sommar som vinter, og rett ned i vegen finn du ein liten daglegvarebutikk.

Hytta er romsleg, enkel og praktisk. I første høgda finn du eit stort kjøkken, med to komfyrar, kjøleskåp, kaffitraktar, vasskokar, matbod og rikeleg med dekketøy. Her er og tre stover: ei koseleg peisestove, ei praktisk ungdomsstove og ei spisestove der du får plass til 25 personar rundt borda, om du sitt litt tett. 

I andre høgda er det fem soverom med sengeplass til 21 personar (2, 3, 4, 4 og 8-mannsrom), mens det er eit lite soverom i første høgda. Det er også madrassar til 15 til . Treng ein plass til fleire kan ein be om å få leige Mjølfjell kapell, 300 meter frå hytta. 

I kjellaren finn du dusj (med mynt-automat) og rikeleg med ved. Hytta har også to toalett. Meir informasjon finn du i brosjyra du finn nedst på sida! 

Ta gjerne kontakt med KFUK-KFUM Voss om du vil vite meir om hytta! 


leigeprisar, pr okt 2018

Medlem Voss KFUK-KFUM: 100 kr pr person natt

Medlems Norges KFUK-KFUM: 150 kr pr person pr natt

Ikkje medlem: 200 kr pr person pr natt

Born under 3 år er gratis, og born under 13 år betalar halv pris. Sjå brosjyre for minstepris

Bestilling 

For bestilling av Vonhaug ta kontakt med KFUK-KFUM Voss på tlf. 480 31 200 eller e-post ingrid2@kfuk-kfum.no

Glimt frå Vonhaug og Mjølfjell


brosjyre, sjekkliste og Oppgjersskjema

Kan lastast ned under her

3. Oppgjersskjema med sjekkliste 2019.pdf