Besøk gjerne våre nye nettsider på kfuk-kfum.no

Vonheim - utleige

Vonheim er foreiningshuset til Voss KFUK-KFUM, sentralt plassert midt på Vossevangen

velkommen til vonheim!

Vonheim egnar seg like godt til enkelttilskipingar som barnedåp, bryllaup, konfirmasjon og møter, som til overnattingsstad for store og små grupper på øvingshelg og leir i den fagre Vossebygda.

Vonheim vart bygd på dugnad i 1978 på tomta til «gamle Vonheim» og er på ca. 1000 praktiske kvadratmeter. Huset har mange rom og mange bruksmoglegheiter. I hovudetasjen finn du ein stor sal med sitteplass til omlag 150 (salen kan delast i 3 med skiljeveggar) med enkelt lydutstyr og eit storkjøken med to komfyrar (pluss kokekrakk), stor-kaffitraktar og servise til 120 menneske, samt ein koseleg matsal i Klubbholo. 

I andre etasje har me ei romsleg peisestove med sofagrupper,  og i kjellaren klasserom / klubbrom, dansesal med store spegel, toalett, dusj og bandrom (leige av dette må avtalast spesielt).  Vonheim har piano i fleire rom. 

Huset er universelt utforma, med heis og toalett med plass til rullestol. 

Velkommen til Vonheim!

Prisar ved overnatting:

  • Ikkje-medlem av Noregs KFUK-KFUM: 120 kr per natt

  • Medlem Noregs KFUK-KFUM: 100 kr pr natt

  • Minimumsbetaling for 20 personer

LEIGEPRISER VED ARRANGEMENT / LANGTIDSLEIGE

Ta kontakt for pristilbod.

BOOKING

For booking av Vonheim, ta kontakt med dagleg leiar i Voss KFUK-KFUM på 480 31 200 eller e-post ingrid2@kfuk-kfum.no